{"product_id":"samtidslyrikk-i-klasserommet-9788245022483","title":"Samtidslyrikk i klasserommet (Heftet)","description":"\u003cp\u003eHovudmålet med denne boka er å vise korleis ein kan arbeide med samtidslyrikk i klasserommet: skriftleg, munnleg, analytisk, kreativt. Her er samtidslyrikken utgangspunktet for den klassiske diktanalysen, for fagsamtalen, for fordjupingsemnet, for diktopplesing, kreativ tekst og klassesamtalar om litterær kvalitet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBoka inneheld presentasjonar av nokre forfattarar og lesingar av utvalde dikt. I tillegg får lesaren vere med på nokre funderingar over spørsmål ein truleg berre møter i lyrikken: Kan ein måle universet med teskei? Kva slags bruer kan vekse ut i verdsrommet? Korleis lyser epla på trea? Korleis hindrar skulen skogen?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSamtidslyrikk i klasserommet er eit forsvar for poesien og skjønnlitteraturens vedunderkraft, for den langsame tenkinga og danninga. Boka er samstundes eit forsvar for ei systematisk og eksplisitt norskfagleg lese- og skriveopplæring, og for den nytteverdien ei slik lese- og skriveopplæring har for andre fagfelt og yrke.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eKjersti Rognes Solbu er norsklektor ved Fyllingsdalen videregående skole og rådgjevar ved Skrivesenteret. Ho har mastergrad i litteraturvitskap frå NTNU (2006). Solbu har vore dagleg leiar i Landslaget for norskundervisning, tidsskriftsredaktør for Ratatosk og medredaktør for boka Søsken (Samlaget 2011).\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eJon Opedal Hove har arbeidd som norsklektor ved Fyllingsdalen videregående skole sidan 2008. Han har mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen (2007). Hove har vore med i redaksjonen i litteraturtidsskriftet Prosopopeia og publisert bokmeldingar i tidsskriftet Norsklæraren.\u003c\/p\u003e","brand":"Vigmostad \u0026 Bjørke","offers":[{"title":"Pent brukt bok uten markeringer","offer_id":42910368006226,"sku":"169745-6","price":99.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2064\/2115\/files\/9788245022483-1.jpg?v=1795014943","url":"https:\/\/reidersdigest.com\/products\/samtidslyrikk-i-klasserommet-9788245022483","provider":"reidersdigest.com","version":"1.0","type":"link"}