{"product_id":"sprak-i-skolen-9788245034301","title":"Språk i skolen","description":"\u003cp\u003eVeit du at grammar og glamour har eit felles opphav? Eller veit du noko om grunnlaget for ordklassedelinga vår, dei fem fasane i retorikken, eller dei ulike argumenta for at elevane bør læra seg grammatikk?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEin grunnskulelærar i norsk skal, ifølgje rammeplanane for lærarutdanningane, «ha brei kunnskap om språket som system og språket i bruk». Læraren har dessutan eit særskilt ansvar for elevane sine språklege kunnskapar og ferdigheiter.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSpråk i skolen introduserer grunnleggjande språklege emne for grunnskulelærarstudenten og norsklæraren: grammatikk, tekstlingvistikk og retorikk. Fagstoffet vert formidla med kunnskap, entusiasme og underhaldande døme. Her er fagkunnskapen brei, vinklinga didaktisk og banda til Kunnskapsløftet tydelege.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDenne tredje utgåva av Språk i skolen er revidert og oppdatert. Det vert særleg lagt vekt på korleis elevar kan nytta eigen språkkompetanse for å utvikla eit metaspråkleg medvit som etter kvart kan koplast med grammatisk terminologi.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBoka har kapittel på både nynorsk og bokmål, og gjer slik studentane kjende med fagspråk på begge målformer.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eIngvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho arbeider med språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og eit synkront perspektiv, og har mellom anna skrive om norrøn omsett litteratur, nynorskdidaktikk, sjangrar og forteljarstemmer.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eRolf Theil (fødd 1946) er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Mellom spesialområda hans er lingvistisk feltarbeid, fonologi, morfologi, semantikk og kognitiv grammatikk. Theil har gjennom meir enn førtifem år skrive bøker og artiklar om språk og språktilhøve i Afrika, Asia og Europa – inkludert norsk, samisk, romani og romanes.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Sørøst-Norge. Han underviser i norsk språk og forskar på eldre språk og litteratur og norskdidaktikk.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eIngebjørg Tonne (fødd 1966) er professor i nordisk språk \/ norsk som andrespråk ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing), Universitetet i Oslo. Ho er mellom anna oppteken av kontrastiv grammatikk og relevansen av grammatikk for lese- og skriveopplæring og språkutvikling. Ho var med i læreplangruppa for norsk i samband med Fagfornyinga 2020.\u003c\/p\u003e","brand":"Vigmostad \u0026 Bjørke","offers":[{"title":"Pent brukt bok uten markeringer","offer_id":42923218042962,"sku":"169262-6","price":169.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/2064\/2115\/files\/9788245034301-1.jpg?v=1795516583","url":"https:\/\/reidersdigest.com\/products\/sprak-i-skolen-9788245034301","provider":"reidersdigest.com","version":"1.0","type":"link"}